Skip to content

Pilates for mor og barn er eit kurs der du får høve til å trene deg opp att etter fødselen på en trygg, varsam og effektiv måte. I treninga legg me vekt på muskulatur rundt mage og rygg, samt bekkenbotn og kroppshaldning. Treninga er i små grupper, og babyen er velkommen med på treninga om du ynskjer det. Me vil trene på grunnprinsippa i pilates og legg vekt på øvingar som vert tilrettelagt dine behov som barselkvinne. I løpet av svangerskapet vil du merke store endringar i kroppen og det er viktig å finne attende muskelstyrken og kroppshaldninga etter svangerskap og fødsel. Dei fleste vil vere klar for pilatestrening cirka 6 veker etter fødselen.

barsel
barsel-2
barsel-3

    Kontakt oss

    Namn og etternamn:*

    E-post:*

    Telefon:

    Melding:

    Eg ynskjer å sende inn skjemaet, og eg samtykkjer at informasjonen blir lagra. Eg får epost kopi av skjemaet som vert sendt inn.

    Back To Top